Om oss

Kennel Hundur

Kennel Hundur er eit lite oppdrett i Sunnhordaland 

som avlar på rasen mops, både sort og fawn. 


Det er eit familieoppdrett av mor og datter, 

Elin og Silje.



Elin


Eg heiter Elin Karin Katla Ellingsen og bur på Rubbestadneset i Bømlo kommune.  

Eg er gift med Kjell Arne Ellingsen, og me har tre barn i lag; Silje, Cato og Mads. 

Eg har drevet aktivt med hund sidan 1985. Mine to første hundar var rottwailer tisper, som eg dreiv lydighetstrening med. Fekk så min engelske bulldog tispe Ronja i 1999, og me var aktive i utstillingsmiljøet med henne.
I 2001 fekk me Saro, ein omplasseringshund, som var ein golden retriver hanne. Han levde eit langt og godt liv, heile 14.5år blei han (døde i mai 2010).

  
Etter at døde bulldoggen vår i 2008, fekk me vår første mopse tispe Maja. Vinteren etter kom mops nr 2, ein svart hanne som heiter Ronnie. Og i sep 2010 fekk me oss ein ny hund, ei brun labrador tispe, som me har kalla for Irja.


Eg er i dag aktivt med i Bømlo Hundeklubb, kor eg set i styret. Er og med som hjelpeinstruktør på våre lydighetskurs og fellestreningar.  Driv også med litt med utstilling med alle hundane. 


Silje

Mitt namn er Silje Katla Ellingsen, er busatt på Bremnes i Bømlo Kommune saman med min sambuar og 
mopsane Børge og Carmen. 

Eg har vore vokse opp med hund frå eg var baby, og fekk min første hund sjølv i 2011, Børge og Carmen kom 6 mnd seinare. 

Hausten 2012 flytta eg og hundane mine heim att til Bømlo etter å ha budd mange år i Stavanger.

På Bømlo er er aktivt med i den lokale hundeklubben vår, der eg også sit i styret. Eg driv også å går litt på hundeutstilling i nærområdet og agility trening på hundeklubbens sin lokale agilitybane.  Eg blei medeigar i Kennel Hundur mars 2011.

Hund er ein viktig del av mitt liv, det er ein livsstil som eg trivst veldig godt med! :-)

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.08 | 21:20

Heisann
Jeg og kjæresten har ønsket oss lenge en hund, og siden han elsker mopser tenker vi å kjøpe en mops. Når kommer neste kull og hva er prise ?

...
09.02 | 01:40

Hei. Vil vite når kommer neste planlagte kull, hvor mye det koster valpene og allergi og barn. Har 3 gutter som drømme om en pug og lurer på om det passer oss.

...
28.09 | 19:20

Hei, jeg lurer på om dere har mer valper? Jeg ønesker meg en tisper og jeg er glad i mops.

...
10.05 | 00:34

Nydelig gutt!

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE